INN PÅ TUNET - LIVDI Naustvoll Gard Historie Startside Garden vår Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Gardsbok 2018 Gardsbok 2019 Gardsbok 2020 Gardsbok 2021 Gardsbok 2022 Minigris Minne - storfe Jakt Hestar Biletalbum VIDEO - FILM Citagarden kennel Citagardenkull Kontakt
4132481 besøkande
sidan 6. okt 2012

VIKTIG - VIKTIG - VIKTIG:

Websidene vert stoppa oppdatering på 15.juni, sidan Internet Explorer vert lagt ned.


 

Naustvoll Gard "Livdi"  og Kennel Citagarden sine heimesider. 

Garden har hatt fleire namn gjennom tidene, naturleg utifrå historien.  Nausta vollum på 1800-talet (fordi det var mange naust nede ved fjorden), Livdi (fordi det var den tryggaste hamna innover i Sognefjorden - livd i denne samanheng tyder ly og vern for vèr og vind).

 Face Book LINK  Garden ligg ved vakre Sognefjorden.  KART  KART Naustvoll

Garden er merkegodkjent "Inn på Tunet", har sauedrift og driv med avl på Dølahest og Fjordhest under namnet Naustvoll, og Schäfer under kennelnamnet Citagarden.

Ønskjer du meiningsfulle og tilpassa dagar, som gjev meistring, læring og oppleving? 

Vi har trygge omgjevnader, samt kunnskap, utdanning og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske. 

Vi har skuledagar med læringsmål i norsk, natur og miljø, matematikk og samfunnsfag knytta opp mot praktisk arbeid, arbeidstilbod utan prestasjonskrav, fritidstilbod og  avlastning. 

Visjonen vår:  Naustvoll Gard skal vere den dyrerike bondegarden der det er godt å vere.

Forretningsideen er å nytte garden sine ressursar og kompetansen til Arne og Anne-Brit, til å selje spesialopphald til grupper av menneske som treng noko anna enn vanleg skule eller arbeidsliv. 

Vår styrke er gode dyr i trygge omgjevnader, samt kunnskap og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske.

Anne-Brit arbeider òg som lærar, og er utdanna adjunkt med tillegg.  Utdjupa fag på høgskule er matematikk, data, media og kulturlandskapsskjøtsel.   Både Arne og Anne-Brit har høgskuleutdanning innan "Garden som pedagogisk ressurs og læringsarena".  Garden er merkegodkjent innan kvalitetssystemet Inn på Tunet, Kvalitetssystemet i Landbruket.  LINK

Det som vi har drive med her på garden, har staten tidlegare kalla "Grøn omsorg".  No heiter bransjen "Inn på tunet".

 Eg ønskjer at fleire skal opne augene for det flotte kulturlandskapet vi har i Noreg, verdsetje det og forstå kor viktig det er å ta vare på det.  Utan beitedyr og bønder som steller landskapet, gror det til med skog etter 5-10 år.  Det er få område som blir rydda på nytt etter gjengroing.  

Vi var på NRK i høve dette INNSLAG PÅ NRK

 Sidan eg er veldig interessert i hund og hest, er det eigne sider og mange galleri knytt til det. 

Det er laga link til oppdateringar - sjå Nytt på sidene.  Før markør over og klikk, så kjem du rett til starten på oppdateringane.

Vakre dyr!!!

 

 

A long time ago:

 

Dette er schäferen Hero, tervueren Teo og dalalammet Pirreline.  Mange hugsar nok desse tre :-)
Dei var mykje saman. Pirreline trudde nok at ho var hund.

Desse 2 bileta er frå sommar -92.

   



Nytt på sidene 14.06.2022
Garden vår
14.06.2022
Inn på Tunet
14.06.2022
Nytt liv på garden
26.05.2022
Citagardens K-kull
22.02.2022
Citagardens J-kull
01.01.2022
Nye filmar
11.12.2021
Oppdatert om kennelen.
19.11.2021
Om du er på leit etter schäfer - det er ikkje berre "rett rygg" som er forskjel på bruksschäfer og utstillingslinjer
01.11.2021
Oppdatert HD/AD resultat
19.10.2021
Gratulerer til Daniel og Felix (Faragon) med kl B i NRH !