Naustvoll Gard Startside Kvamsøy Historie Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Gardsbok 2018 Gardsbok 2019 Hest - Vinter Hest - Jons Sølvi Hest - Tina Hest - Siri Hero Hest - Bajas Hest - Tinus Hest - Odin Hest - Hestad Tina Jakt Minne - storfe Minne - hestar Minne - Blesen Minne - Junior Minne - Lukas Hest - Lurven Hest - Balder VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
2258629 besøkande
sidan 6. okt 2012

Historie

Garden vart vår etter odelsrettsak.  Vi fekk skøyta på garden i oktober 1991.

Enka på garden selde den til svigerfar min i 1981.  Men svogeren til enka tok den tilbake på odel. Han var pensjonist og hadde ingen etterkomarar, og ville heller ikkje bu på eller drive garden.  I ti år vart det berre jakta i skogen og dyrka eit 4 daa felt med jordbær.  Bu og driveplikt var lett å få utsetjing på.  Garden grodde godt til på desse åra.  Det var dei to same personane som møttest i ny rettsak.  Ubehagelege greier.  Men, garden vart vår, takka vere svigerfar.

Vi starta med rydding av beite.  Sette opp gjerde, dyr måtte hjelpe oss med å pleie landskapet.  Eg hadde hundane, sauer, villsvina Petra og Piggy, høns og kaniner.  Sommaren -92 var første barnegruppa på besøk.   I  1993 kjøpte eg dei første hestane.  Heidalsraua, ei nydeleg raud Dølamerr, og Junior, ein Fjordhest åringshings. Låven knakk saman sommar 93, men eg dekka til golvet på låven med presenning, og det vart flott tak i fjøsdelen.  Men det var tungt arbeid.  Eg måtte bere opptil 15 bøtter vatn dagleg den verste tida, for då fraus det etter kort tid. Surt og kaldt slit, men tørt og lunt inne med dyra.  God atmosfære når det var reint.  God lukt av høyet, nydryssa sagflis hos hestane, roleg og fornøgd tygging, då vart slitet gløymt.

Svigerfar hjelpte oss med riving og oppussing av garden, var med Arne i skogen for å skaffe tømmer til driftsbygningen, hjelpte Arne på saga og barka villmarkspanelen. 

Vi bygde ny driftsbygning i 94.  Gjerda inn beite, hadde gode og mindre gode erfaringar på alle område, både byråkratisk og med dyra.  Beitelandskapet på garden var overgrodd,  særleg Or og Ask.  Dyra likar ikkje Or, så den var vanskeleg å bli kvitt.  Mange tidlegare styvingstre hadde vokse så mykje at dei snart ville knekke.  Murar var overgrodde, store tre voks inn i dei - det var rikeleg å ta fat på.  Eg laga ein restaurerings- og skjøtselsplan for garden.  Den har vi følgd punkt for punkt.  Vi har rydda beite, restaurert styvingstre, laga nye styvingstre, sikra murar og brukar, greve grøfter....  dyra vart brukt systematisk etterpå som beitepleiarar.

Svigerfar var til god hjelp med dyra, -kva eg skulle gjere om det var problem med lamming, han lærte meg korleis eg skulle slakte, korleis skinnet skulle knuast av, korleis vi skulle få vekk grisebusten og korleis den skulle opnast.....  I tillegg var han med på graving og støyping...  slipte ljåen...  fantastisk læremeister og veldig god hjelp.   Mora hans var frå garden - oldemor til barna mine.  Så vi høyrer faktisk til her....

   



Nytt på sidene 15.09.2019
Naustvoll Odin er flytta ut :)
15.09.2019
Fine bilete av Citagardens Chiwa "Cira"
15.09.2019
Åringsvallak til sals
12.09.2019
Oppdatert HD/AD/MH
07.09.2019
Neste kull i Citagarden
29.08.2019
2 nye filmar på filmsida Citagardens E-Kaizer og Citagardens Charlie "Zaco"
29.07.2019
Ny film - hestebading
29.07.2019
Bilete av Ezra
29.07.2019
Bilete av Citagardens Enzo
06.07.2019
GRATULERER til Tina og Ezra