Som lita jente drøymde eg om gard med mange dyr. I 1992 var hundar, hest, ulike husdyr og fjærkre ein realitet. Besøksgarden Naustvoll tok form og mange hundre menneske har fått oppleve dyra på nært hald. Vi kjøpte garden i 1991. Den hadde lege brakk ei tid, så det var falleferdige bygningar og urskog på beitet. Lauvskogen tek raskt tilbake beitelandskap som ikkje vert halde i hevd. Interessa for dyr var så sterk, at dyra kom før ny driftsbygning. Sidan dyra alltid har fått leve naturleg, med mykje utegang, vart grunnmuren til driftsbygningen huset deira. Men det var tungvindt for meg med foring og vatn. Har vel aldri slite så mykje. Dei første dyra på garden var Pirreline, eit lam med e-vitaminmangel som hundane mine fann på fjellet, og dei to villsvina Petra og Piggy. Så auka det på med høns, kaniner og hestar. For å drive skikkeleg jordbruk måtte vi skaffe oss produksjonsdyr. Storfe og sau kom på garden, og vi har levert mange kg kjøt gjennom åra. Gardslandskapet var overgrodd. Vi har brukt mykje tid på å restaurere det. Styvingstre, gamle murar, delar av gamlevegen gjennom Kvamsøy og ein husmannsplass. Verdifull historie. Vi ønskjer at besøkande skal få sjå kulturlandskapet og bli klår over kor raskt naturen tek det tilbake. Naustvoll Besøksgard har sidan 1992 teke imot barnegrupper frå barnehagar og skular, og gjeve barna opplevingar med dyra. Vi har vore besøksheim for søskengrupper. Garden har vore open for turistar og andre besøkande i ledige periodar. Sidan 1999 har garden vore arbeidsplass for personar som ikkje kan vere i ordinært yrkesliv. Vi har hatt skuletilbod for elevar sidan 2001. No er garden godkjent som arbeidsplass og skule, innanfor det området som har fått namnet "Inn på tunet", i tillegg til litt sauedrift og avl på Dølahest og Fjordhest. |