INN PÅ TUNET - LIVDI Naustvoll Gard Historie Startside Garden vår Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Gardsbok 2018 Gardsbok 2019 Gardsbok 2020 Gardsbok 2021 Gardsbok 2022 Minigris Minne - storfe Jakt Hestar Biletalbum VIDEO - FILM Citagarden kennel Citagardenkull Kontakt
4934805 besøkande
sidan 6. okt 2012

BYGNINGAR, BYGGING / GRAVING:

Vi har heile tida noko på gang...  Det er heile tida forandringar.... bygging, graving, reparasjonar... slik det oftast er på gardar... 

2015: 


 

Fjøsterrasse :-)

25.mai Støyping av fundament og søylesko:

28.mai:

8.juni:

10.juni:

 Både terrasse og tak :-)


 

På vestlandet er noko av det mest vetige - TAK!

9.mai:

 

13.mai:

 

15.mai:

16.mai:

25.mai:

 Superfornøgd!!!


Vinter 2013/2014: Vi held på med 2.etg på låven.  Eg realiserar gamle idear :-)  Stjernehimmel :-D

  

 

No vil eg gjere det eg har hatt ønske om, og eg er kjempefornøgd!   

Sommar 2013:  Det er reglar for korleis dyr skal ha det.  Difor har vi bygd store rom til hundane, slik at dei kan vere der om vi er opptekne og dei ikkje kan vere med oss.  Huset er 10 m2.  Der har dei det godt.

Vinter 2013:  Bygging på låven:

I andre etasje på låven er vi i gang med innreiing/isolering....  Det skal bli eit lokale som har fleksiløysingar.  Bruken er allsidig, har planar, men dei får de ikkje vite ;-)

 

Sommar - vinter 2012:  Naustneset - kai-bygging:

 23.12: Kaien er så og seie ferdig!!!!! 

26.juli: Sommarferien er kai og kvalpar...   Eg tykkjer vi er flinke, vi bygger den sjølve :-)

Kanskje det kan bli feriekoloni neste sommar???????

  


24.juli - Vi har jobba jamt...  forankring av brygga i fjell under vannivå gjere at vi må ta omsyn til flo og fjøre.  Oppsette tider i avisa stemmer ikkje...  men vi har fått gjort mykje.  Godt med flytebrygga :-)

   

 Tysdag kveld.  Vi har jobba heile dagen i nydeleg sol. Den gamle brygga skal fjernast.  Det blir kjempefint!!!!


20.juli - vi held på vidare.... men vi driv på med litt mange ting, så ting tek tid ;-)  Dette er arbeid på varme solskinsdagar..... 

 


3.juni fekk eg hjelp av Tommy Solheim AS til å få ned 2 stolpar til kaien.  Imponerande "doning" og endå meir imponerande presisjon av entrepenøren.  Interessant å sjå på!!

 

 

 Eg gledar meg til vi får ferdig kaien :-D  Dette er berre midlertidig.  Seinare skal kaistolpane forankrast på land, og flytebrygga skal leggast ut.  Dette er eit solid og godt utgangspunkt.  Flott jobba!!!!!!!!!!

 Ferdig med pålane :-)


Sommar 2011: Jan Inge Høydal (flink entrepenør) held på med området ovanfor driftsbygningen vår.  Vinterstid dei siste åra, har isen krua i tunet og nedover parkeringsplassen vår. Vi måtte få kontroll på vatnet, og då må det jo kombinerast med litt gode løysingar :-D  Eg har mange gode idear, veit berre ikkje kven av dei som blir realisert enno. 

 

 MYKJE STEIN ETTER SKYTING!!!!

 

 

Her er det blitt mykje betre.  Han måtte bruke den steinen som var der.  Muren er fin nok for meg :)

 


 

Sommar 2010 held vi på med utbygging på låven.  Taket vart opna, ny limtredragar, ark, terrasse som er tak oppom låven og  nødutgang frå 2.etg.  Det blir kjempefint:-)

  

 

 

 

   

 Vi får tak over hesteplassen :-)

 Fint sant?


 

Vinter/vår 2010: Uthus med ulike bruksrom:

  

 Held på med 2 bygg....  Nok arbeid!


 

Mars 09: ABB har mange planar mellom hus og riksveg.....  vi startar med planering nokre stadar....

   


Januar/februar 09 og utover...... : Eldhuset vårt var i dårleg stand....  så det vart fjerna, planen er nytt bygg der...... spørs korleis det blir :-)

 


 

Bygging inne på låven, vinter 2008/2009, TAK, VEGGAR, TRAPP:  Her skal bli isolert snekkarbu, og kanskje kan vi finne på noko lurt i 2.etg seinare.  Eg bygger når eg har pengar :-)  

 


Stor reperasjon i fjøsen, haust/vinter 2008:

Slik var det før.  Eg var usikker på kor sterkt golvet var, og ville vere sikker.   Så betongen vart fjerna, under var trekonstruksjon som heldt heile golvet.  Det vart fjerna òg.  Då fekk vi høve til å renske ut grundig i møkkakjellaren, og så vart det nytt golv.  Denne gongen av tre. (Lettare å reparere seinare....)

 

  

 

 

  Ferdig.   Blesen tykkjer det er blitt fint!

   



Nytt på sidene 15.03.2023
NY webside for Kennel Citagarden
15.03.2023
NY webside for Naustvoll Gard - Livdi
14.06.2022
Garden vår
14.06.2022
Inn på Tunet
14.06.2022
Nytt liv på garden
26.05.2022
Citagardens K-kull
22.02.2022
Citagardens J-kull
01.01.2022
Nye filmar
11.12.2021
Oppdatert om kennelen.
19.11.2021
Om du er på leit etter schäfer - det er ikkje berre "rett rygg" som er forskjel på bruksschäfer og utstillingslinjer