Ønskjer du meiningsfulle og tilpassa dagar, som gjev meistring, læring og oppleving?
Vi har trygge omgjevnader, samt kunnskap, utdanning og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske.
Vi har skuledagar med læringsmål i norsk, natur og miljø, matematikk og samfunnsfag knytta opp mot praktisk arbeid, arbeidstilbod utan prestasjonskrav, fritidstilbod og avlastning.
Visjonen vår: Naustvoll Gard skal vere den dyrerike bondegarden der det er godt å vere.
Forretningsideen er å nytte garden sine ressursar og kompetansen til Arne og Anne-Brit, til å selje spesialopphald til grupper av menneske som treng noko anna enn vanleg skule eller arbeidsliv.
Vår styrke er gode dyr i trygge omgjevnader, samt kunnskap og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske.
Anne-Brit arbeider òg som lærar, og er utdanna adjunkt med tillegg. Utdjupa fag på høgskule er matematikk, data, media og kulturlandskapsskjøtsel. Både Arne og Anne-Brit har høgskuleutdanning innan "Garden som pedagogisk ressurs og læringsarena". Garden er merkegodkjent innan kvalitetssystemet Inn på Tunet, Kvalitetssystemet i Landbruket. LINK
Det som vi har drive med her på garden, har staten tidlegare kalla "Grøn omsorg". No heiter bransjen "Inn på tunet".