Naustvoll Gard Startside Kvamsøy Historie Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Gardsbok 2018 Hest - Vinter Hest - Jons Sølvi Hest - Blesen Hest - Tina Hest - Siri Hero Hest - Bajas Jakt Minne - storfe Minne - hestar Minne - Lurven Minne - Junior Minne - Lukas Hest - Balder VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1634004 besøkande
sidan 6. okt 2012

Gardsbok 2015

Tidlegare gardsbøker:   2010 og 2011    2012     2013      2014  

Eg legg ut videosnuttar på Facebooksida til garden.  Du treng ikkje profil for å sjå dei, berre om du vil kommentere eller "like" dei.


15.Juli: Avduking av "Hestemannen"  - Aluminiumsskulptur laga av Geir s. Hjetland.

 

26.juni:  Reiste til Lenningen i Etnedal.  Hadde med 4 hundar og 1 hest!!!  Budde på Lenningen hyttesenter.  Hesteslepp laurdag kl. 13.  Espeset Blåen :-)  ALBUM FRÅ SLEPPET

 

 

LENNINGEN i Etnedal kommune. Dette er fantastisk, kjekkaste som finns :-)

26.juni: Fekk diplom som bevis for godkjenning to nye år :-)

 Kjekk post før vi køyrde til hestesleppet :-)

16.juni:  Klasse frå Sagatun på gardsbesøk, saman med "min" klasse. 

11.juni:  Det er heilt nedbeita på Naustneset.  Tok først oppatt sauene og lamma frå hestabeitet, lokka dei inn i fjøsen, gav markekur.  Deretter lokka vi storfegjengen oppatt.  Til skogs att. 

10,juni:  Fjøsterrassen er snart ferdig, rekkverk kom på plass i dag.  

20.mai:  Storfeflokken til Naustneset.  Den nybakte mora og kalven tok vi ned dagen etter. 

17.mai:  Høglandsfe/Galloway-miksen fekk ein einsfarga raud oksekalv (nr. 0062). 

 

14.mai:  Svalene er komne til garden :-)  - bygger i garasjen (før låven vart tetta att -låvestove - var dei der)  

8.mai: Lamming.  Brune sauen fekk 2 lam. 

2.mai:  Storfe og hest til skogs igjen.  Dagen etter fekk sauer og lam Naustneset til beite, med friskt vårgras. 

 

Dette er panoramabilete.  Litt feil.  Vegen er heilt bein.

26.april:  Lamming.  7007 fekk 3 lam, men har berre ei spene som er ok.  Må gje tillegg, men let dei gå saman med mor.  Vert nok 2 heimelam dette. 

21.april:  Lamming. 6081 fekk 1 vl og 6082 fekk 1sl og 1 vl. 

12.april: Hovslagar på besøk.

7.april: Lamming. 9006 fekk 2 lam.

6.april:  Lamming.  7057 fekk 3 lam. 

og Kalving:  Nr 0048 fekk ein oksekalv oppe på beitet.  Svart med fint kvitt belte.  Han fekk merke nr 0061.

Lamming.  2 sauelam (heilt svart og svart med kvit under) og 1 stort veralam.  Video

 30.mars:  KSL/HMS-revisjon.

23.mars:  2 kalvar :-)  7011 og 7016 kalva på same dag.  Begge fekk kvigekalvar, svarte med fine breie kvite belte.

16.mars:  Gråkyra 0044, fekk ein grå oksekalv (0058), men "belte" på eine sida.  Blir god biff og flott skinn :-)

 

7.mars: Sauaklypping.

21.februar:  Henta tørrhøy i hestehengaren.

15.januar:  17 sauer/lam vart levert (bla.a sinkarane som kom seint frå skogen).  Anton er reist.  Det ligg annonse på delar av storfèflokken på "finn". (blir annonsert på nytt seinare, etter kalving).  Vi må tilpasse oss lågare inntekt og at alt arbeid må gjerast i fritida, sidan kommunen har sagt opp avtalane vi har hatt.  Ikkje kjekt, men slik er det.  Så får vi sjå om vi finn på noko anna spennande om ei tid ;-) 

Eg har sortert ut dyr.  Har grubla ein del...  Av og til kvittar eg meg med skikkelege og pene ting, medan eg vil behalde mindre pene, kanskje litt øydelagde ting ... Då eg sorterte sauer, sende eg dei unge, dei som eigentleg var framtida, medan eg har teke vare på dei gode gamle med sine særprega nykker og skavankar ... og så veit eg at det måtte vere slik.  Feil? Rart? Urasjonelt? 

1.januar: Dyra på garden - 3 dølahestar, 3 esel, 1 shetlandsponny, 2 minigrisar, 4 kyr, 2 kviger, 2 oksekalvar, 20 sauer, 7 lam, 1 vèr.  Kaniner og marsvin :-)

   



Nytt på sidene 21.05.2018
Enzo oppdatert
21.05.2018
Oppdatert gardsboka 2018
20.05.2018
Nye filmar - Bajas til Sogndalsdalen og eselet Timmi jagar Ezra
01.05.2018
Ezra oppdatert
01.05.2018
Dakota - oppdatert
01.05.2018
E-kullet vidare -oppdatert
26.04.2018
Flott bilete av Balder og Martin :)
25.04.2018
AVL i NSchK - Stenger ute tenestehundar
23.04.2018
Gratulerer til June m/Cessi "Zica" og Håvard m/Charlie "Zaco" -begge med bestått funksjonsanalyse
21.04.2018
2 nye filmar er lagt ut idag :-)