Naustvoll Gard Startside Kvamsøy Historie Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Hest - Vinter Hest - Jons Sølvi Hest - Blesen Hest - Tina Hest - Siri Hero Hest - Bajas VIDEOSNUTTAR Jakt Minne - storfe Minne - hestar Minne - Lurven Minne - Junior Minne - Lukas Hest - Balder Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1420438 besøkande
sidan 6. okt 2012

Gardsbok 2014

Mykje av oppdateringane er med video, på Naustvoll Gard si Facebook side.

31.desember: Dyra på garden - 3 dølahestar, 3 esel, 1 shetlandsponny, 2 minigrisar, 4 kyr, 2 kviger, 2 oksekalvar, 20 sauer, 7 lam, 1 vèr.  Kaniner og marsvin :-)

Til garden i 2014: 30 lam, 4 kalvar og 1 føl er fødde. 1 oksekalv er innkjøpt (avl).

Avgang dyr i 2014: 22 lam Nortura, 5 sauer og 1 lam selde, 2 kvigekalvar selde, 1 okse slakta heime, 1 lam slakta heime, 1 sau mista.

22.desember:  Hestehengaren til kontroll, bremsene må justerast.

18.desember: Veterinær Lise - vaksine til hestar og esel.  Microchippa Tina + dna-prøve og registrering. Esela fekk Ivomec.  Nasse Nøff forsvant til dei evige grisemarker. 

14.desember: Makkakur til hestane.  Banminth til Tina, Ivomec til dei andre. 

9.desember: Dei sauene eg har leita etter, kom endeleg heim.  I fin form, og som om ingenting har hendt.  Tamme og fine, men dei ligg tynt an!

30.november: KSL og HMS eigenrevisjon. 

20.november:  Selde 5 sauer og 1 veralam. 

7.november:  Saualeiting.  Eg hadde med meg gamlemor Eva og 2år-gamle Bexi på fin tur.  Vi gikk ut fjellet, og ned gjennom skogen.  Såg INGEN sauer, sjølv om eg manglar 8 sauer og 6 lam (dei fleste har vore heime tidlegare i haust).

30.oktober: Sauaklypping.  Dvs dei som eg skal ha og som skal gå med vèr + lam som skal slaktast vart klypte, medan dei som skal seljast/leverast har ulla si.

25.oktober: Slakta gamle avlsoksen heime. 

22.oktober: Henta ny avlsokse, møttest på Fagernes.

Naustvoll Tina har blitt stor og fin.  Ho er mørk mørk brun, med ei fin stjerne i panna.  Biletet er frå 25.september.

 

4.oktober:  Leverte 2 kalvar, nr. 56 og nr.57 på Andebu. Lang køyretur.  Bexi er sjølvsagt med :-)

 

 

31.september:  Leverte 22 lam. Fårikål tett i tett.

 

 Samla i fjøsen, sortering.

7.september:  Det fulldyrka området nedom vegen vart finpussa med beitepussar.  

6.september:  Fekk 33 stk høyensilageballar. 

6.augst: Vèren fekk Valbazen og Coopersect. 

5.- 15.juli:  Sauene vart samla saman, dei skal beite litt på innmarksbeitet dei òg + få middel for innvollssnyltarar (Valbazen)og flått/flugeplager (Copersect).  Videosnutt her òg - Facebooksida Manglar no ein sau og to lam, men trur den er i skogen (litt sky sau).  Vi hadde besøk, så vi fekk god hjelp til å gje makkakur og flåttmiddel tli sauer og lam.  Aldeles supert :-)

30.juni:  Storfèflokken har gått i utmark ein periode, blant anna medan vi var på ferie og avløysar passa garden.  Sidan det har vore tørt, og mange bekkar har tørka ut, har dei gått nye stadar etter vatn. Kanskje dei då har kome innpå og følgd den skogsvegen dei ikkje får lov å gå på.  Dagen etter vi kom heim vart grinda mot riksvegen opna, og dyra mine hamna i riksvegen ved Skaret.  Heldigvis er det kjekke bilistar som gjev melding, slik at eg fekk organisere folk til å lokke dei over grinda og late att.  Eg "henta" dei ved grinda, så snart eg kunne - og vi fekk ein fin tur heim.  Mange videosnuttar på Facebooksida :-)   No skal dyra vere heime ein periode.  Det er rikeleg gras å beite, og det er jobben deira å halde garden fin.

26.mai:  FOLING :-)  Eit merrføl :-)

12.mai:  Fjerde kalving.  Kviga nr 0048, fekk ein kvigekalv 0057, og er dermed blitt KU :-) 

1.mai: Tredje kalving.  Galloway nr 7011 fekk ein svartbelta kvigekalv, nr.0056.

 

28.april:   Kalving igjen.  Den grå kua mi, nr 044, fekk ein nydeleg viltfarga oksekalv nr. 0055. 

 

22.april:  Kalving. Ku nr 7016 fekk kvigekalv nr. 0054.

    SUPERT MED KVIGEKALV :-)

15.april:  Hittil har det kome 29 lam.  Eit lam kom vekk frå mor ei lita stund, og mora vil ikkje ha det tilbake.  Vi prøver å få det til likevel.  Dei andre 28 lamma er tidige og har mødre som passar godt på dei.  Etter foring kan det vere litt kaotisk, når alle skal finne tilbake til sine. Då er det ekstra kjekt å sjå korleis dei lyttar og snusar seg fram til sine små :-) 

17.mars:  Sauaklypping.  Sikkert vårteikn er snauklypte sauer, men dustar på hovudet :-)  No er lamming neste epoke.

 

15.mars: Vaksinering av sauer, (Coexin 8 2 ml pr dyr).  Det er snøvèr, slaps og regn om kvarandre.  Hestane er inne om natta. Sauene og storfèa styrer seg sjølve. Sauene vert fòra litt ute og litt inne 2gonger kvar dag, ca 5okg/dag.  Storfe: Det går med ca. 1 bunt (350kg) pr veke, når storfea har fri tilgang på høyensilage i fòrhekken ved vegen.  Dei treng meir mat ved utegang, enn om dei står inne på bås. 

6.februar: Makkakur til hestar og esel.  Blesen 600kg, Sølvi 500kg, Anton 250 kg, Matahari 200 kg, Timmi 100kg og Tussi 100kg.

Kontroll frå landbruksavd. - dyreteljing.  Alt ok.

  

15.januar:  AD-frakt kom med 33 ensilagebuntar frå Sverige, totalt 11.550 kg.  Denne gongen med 2.slått. 

9.januar:  Veterinær som gjorde ferdig 2.gongs vaksinering.  No er heile flokken med hovdyr grunnvaksinert.  Timmi og Tussi var ganske eksemplariske :-)

 

Dyretal 1.januar 2014:

Dølehest vallak Blesen (fødd 2005 i hagen, link til album) og 2.premiemerra Sølvi (fødd 2006)

Shetlandsponny Anton (ukjent opphav og alder :-)

Esel: mor Matahari, sonen Timmi (fødd 2012) og dotra Tussi (fødd 2013)

2 blackbelted Gallowaykyr, 1 grå Vestlandsk Fjordfe/Høglandsfe, 1 blackbelted Galloway/Dexter kvige og 1 Høglandsfe/Gallowaykvige og oksen Raukolle/Galloway.

20 sauer og 8 lam av rasen Gamalnorsk spel.

3 minigriser, Nøffeline Nøff, Nasse Nøff og Beiken Nøff.

   



Nytt på sidene 10.12.2017
Så reiste Ettza - lukke til :)
09.12.2017
Så reiste Evito - lukke til!
01.12.2017
Side om kvalpane sitt liv vidare :-)
21.11.2017
Citagardens EZRA
20.11.2017
8 veker i dag :-) Ledige kvalpar til bruks/treningsinteresserte.
14.11.2017
Helsekontroll + alle fekk pass.
11.11.2017
Avlstispene - Citagarden
10.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
07.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
28.10.2017
Oppdatert kvalpesida :-)