Hausten er jakttid. Garden har hjorteløyver.
Hjortejakta er frå september og varer til desember. Flotte dyr, og godt kjøt. Diskusjonen om rett forvaltning er evigvarande. Er det mykje dyr, lite dyr, kor mange skal takast ut, kva dyr skal takast ut, koller, storbukkar, kalvar, fjorårskalvar....... ????? Små dyr tek seg seinare enn dei store kollene, som igjen fører til sein kalving og små dyr. Den store flotte bukken som jegrar i eitt vald meiner skal få gå vidare, vert skoten av trofèjegrar i nabovaldet.... Hjortebestanden skal haustast av, det er alle einige i. Valda er for små til å forvalte åleine, vi må gjere det saman og på ein god måte. PS: Eg jaktar ikkje. Eg har jegerprøva, men likar ikkje våpen. Eg avlivar ikkje dyr, om eg kan sleppe. Etter avliving, kan eg slakte og ha kjøt til eige bruk. 

:) mmmmmmmm ...
|