Naustvoll Gard VIDEO - FILM Hestar INN PÅ TUNET Naustvoll Gard Skule Citagarden kennel Om Citagarden Kull oversyn A-F /ALBUM Kulloversyn G-H /ALBUM HD/AD og MH Kjøpe Schäferhund? AVL Avlstispe EVA Avlstispe Bexi Avlstispe Chakka Avlstispe EZRA Avlstispene bilete Avlstispe EVA kvardag Citagardenkull Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
3512644 besøkande
sidan 6. okt 2012

AVLSTISPA - EVA

MOR til A-kullet og B-kullet 

Knallsolid slekt.  Ikkje for å vere stygg, men eg vurderer sterke morslinjer som betre enn farslinja :-)

 

Sommar 2008 henta vi heim avlstispa Eva, som vi fekk kjøpe av Kennel Jabina i Danmark.

Eva er ein grå schäferhund.  Eva vert av mange kalla bruksschäfer.  Dvs. at dei som har avla ho fram, har prioritert mentale eigenskapar (drifter og motor) i tillegg til helse, framfor vinnarresultat på utstilling.  Det betyr at  avlsdyr ikkje er plukka utifrå topplasseringar på utstillingar, men utifrå eigenskapane i andre konkurranse/prøve former.  Bruksprøver, IPO, mentaltestar mm.   

(IPO er ein tredelt prøve med spor, lydighet og forsvarsarbeid, med ulike vanskegrader. Du kan sjå youtube glimt her - Troll Litt av forsvars-arbeidet: forsvar forsvar2 Lydighet FCI IPO 2007  ) 

Eva var fødd 24.o1.2004 i Italia.  Ho vart kjøpt til Danmark av John Jabina 2007. Eg kjøpte ho drektig og henta ho til Norge i 2008, den gong 4 1/2 år gamal. 

Eva hadde eit kull i Italia, eit i Danmark og to her hjå meg.  8 har HD A og AD A i Norge, 1 ikkje røntka. 6 avkom i Danmark, 3 HD A/1 HD B , 2 ukjent.  3 importert til Sverige, Brasil og Tsjekkia, brukt i avl og som teneste/sportshundar.  

  

HD: A   AD: A 

Eva er i Kkl.1 med desse bruksmerittane:

Ipo 1 (80-87-85)

Ipo 2 (95-90-92)

Sch3 (96-91-92)

Eva var ca. 58 cm høg og 29 kg.

Stamtavla i Working-dog.eu

Mor til Eva:  Mücke vom Waldwinkel er kanskje ukjend for dei fleste her i landet, men ho er frå ein solid kennel og er halvsøster til (har samme mor) som den meir kjende avlshannen Vito vom Waldwinkel. Har ikkje bilete av ho.

Dixi  

Bestemor til Eva er Dixi vom Hause Santiages - dotra til verdskjende Fado von Karthago.

 Aly

Bestefar til Eva er Aly vom Vordersteinwald, som er etter Troll von der bösen Nachbarshaft. 

 Ahron

Far til Eva er Ahron von Granit Rose.  LINK

For dei som kjenner hundane og slektene, så ser de at Eva har svært solide aner, med mange verdsvinnarar. 

   



Nytt på sidene 19.10.2021
Gratulerer til Daniel og Felix (Faragon) med kl B i NRH !
02.10.2021
Fabbe gjennomført mentalbeskriving hund MH - flott test
30.08.2021
Kulloversyn G, H, I
30.08.2021
Side kulloversyn A-F
30.08.2021
Citagardens Faqima HD A og AD 0 - jippi :)
31.07.2021
I-kullet 7 veker
20.07.2021
G-kullet :)
13.07.2021
Inn på tunet
19.06.2021
Oppdatert gardsbok 2021
19.06.2021
Naustvoll Luringen