MOR til A-kullet og B-kullet Knallsolid slekt. 
Eg kjøpte Eva av Kennel Jabina i Danmark. Eva er ein grå schäferhund. Eva vert av mange kalla bruksschäfer. Dvs. at dei som har avla ho fram, har prioritert mentale eigenskapar (drifter og motor) i tillegg til helse, framfor vinnarresultat på utstilling. Det betyr at avlsdyr ikkje er plukka utifrå topplasseringar på utstillingar, men utifrå eigenskapane i andre konkurranse/prøve former. Bruksprøver, IPO, mentaltestar mm. (IPO er ein tredelt prøve med spor, lydighet og forsvarsarbeid, med ulike vanskegrader. Du kan sjå youtube glimt her - Troll Litt av forsvars-arbeidet: forsvar forsvar2 Lydighet FCI IPO 2007 ) Eva var fødd 24.o1.2004 i Italia. Ho vart kjøpt til Danmark av John Jabina 2007. Eg kjøpte ho drektig og henta ho til Norge i 2008, den gong 4 1/2 år gamal. Eva hadde eit kull i Italia, eit i Danmark og to her hjå meg. 8 har HD A og AD A i Norge, 1 ikkje røntka. 6 avkom i Danmark, 3 HD A/1 HD B , 2 ukjent. 3 importert til Sverige, Brasil og Tsjekkia, brukt i avl og som teneste/sportshundar.
HD: A AD: A Eva er i Kkl.1 med desse bruksmerittane: Ipo 1 (80-87-85) Ipo 2 (95-90-92) Sch3 (96-91-92) Eva var ca. 58 cm høg og 29 kg. Stamtavla i Working-dog.eu Mor til Eva: Mücke vom Waldwinkel er kanskje ukjend for dei fleste her i landet, men ho er frå ein solid kennel og er halvsøster til (har samme mor) som den meir kjende avlshannen Vito vom Waldwinkel. Har ikkje bilete av ho. Dixi
Bestemor til Eva er Dixi vom Hause Santiages - dotra til verdskjende Fado von Karthago. Aly
Bestefar til Eva er Aly vom Vordersteinwald, som er etter Troll von der bösen Nachbarshaft. Ahron
Far til Eva er Ahron von Granit Rose. LINK For dei som kjenner hundane og slektene, så ser de at Eva har svært solide aner, med mange verdsvinnarar. |