Garden er merkegodkjent tilbydar. Ved hjelp av hestar, hundar og andre husdyr på Naustvoll Gard ønskjer vi å gje meiningsfulle og tilpassa dagar, som gjev meistring, læring og oppleving.
Naustvoll Gard - Livdi - kan tilby: -skuledagar med læringsmål i matematikk, norsk, natur og miljø i samband med praktisk arbeid -arbeidstilbod utan prestasjonskrav -fritidstilbod -avlastning Ønsket vårt er at Naustvoll Gard skal vere den dyrerike bondegarden der det er godt å vere. Vi brukar garden sine ressursar og kompetansen til Arne og Anne-Brit, til å gje opphald til dei som ønskjer eller treng noko anna enn vanleg skule eller arbeidsliv. Vår styrke er gode dyr i trygge omgjevnader, samt kunnskap og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske. Anne-Brit har undervist i skulen i 30 år, mest i ungdomsskulen. AB er utdanna allmennlærar, adjunkt med tillegg + vidareutdanning etterpå. Fag naturfag (60 stp), matematikk (60 stp), data (30 stp), media (30 stp) og kulturlandskapsskjøtsel (30 stp). Godkjent for å ha Trafikalt Grunnkurs i skulen, godkjent Inn på tunet-tilbydar - "Garden som pedagogisk resurs og læringsarena". |