INN PÅ TUNET - LIVDI Naustvoll Gard Hestar Biletalbum VIDEO - FILM Citagarden kennel Citagardenkull Kontakt Kontakt
4934544 besøkande
sidan 6. okt 2012

Livet på garden 2012

Gardsboka 2010 og 2011 LINK

 

Gardsboka 2012 - Kort om hendingar på garden:

 

Dyretal 31.12.2012: 17 sauer, 4 gimrar, 1 vèr, 3 dølahestar - Blesen, Sølvi og Lukas, 1 shetlandsponny - Anton, 2 esel - Matahari og Timmi, 3 kyr, 1 kvige, 1 oksekalv, 3 minigrisar, kaniner og marsvin.

Fødde i 2012: 1 føl - Lukas, 1 esel - Timmi, 28 lam, 1 oksekalv. (1 oksekalv - døde v.fødsel)

Avgang dyr i 2012: Levert til Nortura: 2 oksar, 1 ku og 22 lam.  Slakta heime: 2 oksar og 2 lam.  Avliva 1 sau som halta.  Manglar 1 veralam etter beiteslepp (nr. 2001) (1 okekalv - døde v. fødsel)  1 hest - Naustvoll Lurven (er blitt sunnfjording:-)

Så er 2012 over.....  forts. i gardsbok 2013 :-)

 

 30.desember: Blesen, Sølvi, Lukas, Anton og Matahari fekk besøk av hovslagar Odd Rune :-)

  

  

 Kva skulle eg gjort utan Odd Rune?????

 

 29.desember:  Det er mildvèr, og GLATT!!!!  Hestane er sett på bås, storfe og esel får inneforing, slik at dei slepp å gå ut, om dei ikkje finn trygg grunn.

 

 

 Kjekt å ha dei inne :-)

 

 19.desember:  Vet. Lise vaksinerte hestane og ferdig-registrerte Lukas.  Ho chip-merka han, tok hårprøve for DNA og vaksinerte.  Han er registrert som brun, eg hadde håp om at han skulle bli borka.  Men, men... han er veldig snill og blir nok ein god hest!  Om gode hestekyndige folk vil ha han, er han til sals, elles vert han her :-)

Små og store dyr kan finne tonen, men det er viktig med tilvenning.

 

27.november:  Vi henta 3 juletre i skogen.  To av dei står ute, og eit pynta vi om ettermiddagen.  Så no er det jul i fjøsen. 

   ************   

25.november flytta vi forhekken ned mot riksvegen.  Det har vore så mykje regn, at det er vanskeleg å køyre høyensilage i trillebårer der det ikkje er asfalt.  Storfe og hest et i lag, men eg måtte ta bort vetle Anton (shetlandsponnien) for han jaga vekk kyrne, og skulle ha all maten sjølv;-)

 

 Kalven får ekstraservering :-)

 

22.november: Redman reiste "heimatt".  Eg køyrde han til Førde, og han vart henta der og køyrt oppatt til Møre.  Det er alltid litt rart når eit dyr er borte.  Manglar liksom noko.  Håpar at han får det fint framover.

 

 

 3.november:  Slakta veralam, nr 2005. 

   

 

31.okt:  Etter klypping er det supert med litt snø/regn i den ulla som er att.  Då reiser den seg og isolerer betre.  Men no får dei sjølve bestemme om dei vil vere inne eller ute.  Slapp vèren saman med sauene.  Då kan det bli lamming i månadsskiftet mars/april.

 

Kvalpane fekk vere med på foring og det er kjempespennande.

  

 

 30.okt:  Sauene var reine, tørre og fine i ulla.  Det var meldt nedbør....  Først mat, så inn i fjøsen, klare for klypping......

 

 

 26.oktober kom litt vinter..... 

 

 

 23.oktober:  Hestane har gått på Naustneset og kosa seg pærer og stort beite.  Denne dagen leidde vi dei oppatt, sidan det var meldt vinter.....   ..  grisen måtte vi lokke oppatt...  det tok si tid.

 

  

 

 16.oktober: Naustvoll Lurven er overtatt av andre, så han får vere hingst ei stund til:-) 

  Det vert spennande å følje med på korleis det går.

 

 15.oktober:  Henta ny avlsvèr.  Fekk makkakur dagen etter.

 

 

Gallowayoksen var meld inn til Nortura, og planen var at han skulle gå inn i hestehengaren, og at eg skulle køyre han til slakteriet onsdag 10.oktober.  Planen har alltid verka før, men denne gongen gikk berre dei andre inn.  Han stod roleg utanfor, åt eple frå handa mi, men gikk altså ikkje inn. Hmmmm....  eg ringde og sa det som det var, og at vi heller kunne slakte han heime,  -og det gjorde vi laurdagen etterpå.

   

 Då er desse igjen :-)

 

 7.-11.oktober:  Ivomec til alle hestar og esel.

25.september:  Etter lammeleveringa, buførte vi storfea over riksvegen til beitet opp mot skogen.   

  Fin gjeng???

Oksen midt på biletet er til sals....  Galloway Black belted snart 1 år.   Vanskeleg å sjå kor mange dyr som er her?  6 stk :-)

25.september:  Leverte 6 lam.  Etter at slaktebilen var reist, kom ein sau og 4 lam frå skogen :-D

 

 

11.september: Vi gav makkakur ("Valbazen - middel for innvollssnyltarar") til sauene.

  

 Merka med fargestift betyr "har fått".

  Inni fjøsen er det marsvin og kaniner. 

  Nedom riksvegen er det no sauer, storfe og ein gris.

 

 6.september:  Kalving.  

 

 4.september:  Innhausting av poteter og kepaløk (gul løk).

 

 

 

1.september:  Hesteutstilling i Sogndal.  Resultat på sida til LURVEN , BLESEN   og Dølahestlaget

 

 28.august:  Natta til i dag kom denne og tok endene mine.  Det var berre kvite fjør og blod inne på andeområdet :-(

  

 

Desse bileta tok eg med vanleg kamera i sommar, oppe på beitet vårt.....  Dårleg gjort at han tok endene mine!!!

 

 25. og 26.august:  Tok med meg Blesen over Sognefjellet til Leirvassbu.  Sogndal Dølahestlag arrangerte fellestur i fjellet.  Veldig kjekt og enormt sosialiserande og lærerikt for Blesen (og meg:).  LINK til Sogndal Dølehestlag

  

 

 Klar for nye turar ;-)

 

 22.august: NRK-Berta og Hårek reiste.  Einaste årsak er dei store horna.  Eg har teke valet om å ha kolla (ikkje horn) storfe.  Sjølv om dei ikkje stangar med horna, så kan det vere vondt om ein "får eit horn i sida" :-)

 NRK-Berta og Hårek. 

21.august:  Leverte 16 lam.  Flott klassifisering.

  Fårikål neste :-)

 

 9.august henta vi heim Sølvi og Lukas frå Finndalen.  Lukas har mista mykje av følpelsen sin og det ser ut at han får ein fin varm brunfarge.  Sølvi er påvist drektig ved ultralyd med Skjåk Balder:-)

 

  

 

Vi har slakta oksekalv heime for første gong(nr. )  Litt større enn lamma eg er van med:-)  Blir mange gode middagar framover!

    

 mmmmmm........

Sidan eg har meldt Blesen til utstilling med køyreprøve, må han ha sko på seg.  Spørs om eg klarar køyreprøva, vi har ikkje akkurat trent så mykje.....  Lurven er påmeldt på unghestskue, han er i Sogndal i sommar.  Spennande med han òg.

  

 

5.august:  Nydeleg sol.  Badenymfene :-)

 

 24.juli:  Storfeflokken "på badeferie". Dei et tang, medan vi bygger brygge.

 15.juli: Vi flytta storfeflokken ned på Naustneset.  Vi treng litt "slåttehjelp".

 

30.juni:  Hesteslepp i Finndalen med Skjåk Balder:-)  Nydeleg område!!!  Kjekke folk:-)

 

 Flotte Skjåk Balder InfoMEIR INFO og endå meir info:-)

 

Først nokre rundar med Skjåk Balder, rundt flokken med flotte merrar, så slapp vi dei.  Han fekk ein hektisk start med 4 villege damer ;-) 

 

 Vent litt...... ikkje no.... ;-)

 (foto t.v: Monakristin Hagen)

 

 

Sølvi var klar, resultat viser kanskje om ca. 11 mnd..... :-) 

 

 

29.juni:  Makkakurar til Sølvi og Lukas, Banminth og Panacur. 

Vi reiste til Finndalen ved Vågåmo.   Det gikk fint med Lukas i hengaren.  

  

Hestane (unnateke hingsten) vart samla i ei gruppe, dei fekk makkakurar og vi leidde dei til området ved setra.

 

 

25.juni:  Matahari fekk føl, ein liten hingst.  Han skal heite Timmi. 

  Timmi.

 

21.juni: Skulehagen i vekst:-) Ser fint ut no, utan ugras...... kanskje nokon må kome utom i sommar????? .... eller må eg luke??????

  

  7.klasse....

 torsdagsgjengen sine kassar.

 

21.juni: Eg køyrde Sølvlin til Kyrkjebø.  Så no er det ingen Fjordhest på garden lenger..... men ho kom ut til 2 likesinna :-)
16.juni:  Lokka storfèflokken ut på ytterste beitet.  Hakka tistlar på innerste beite - skikkeleg kjedeleg arbeid - tid for mykje filosofering ;-)
15.juni:  7.klasse frå Sagatun kom til garden, og luka i åkrane og kassane sine. Blei kjempefint.   
14.juni:  Siste skulegardsdagen + 3.klasse frå Sagatun på besøk.  Trivelege ungar!!!  Hovslagar kom på ettermiddag.  Tok skoa av Sølvlin.
7.juni  Sauene opp på beitet "Kalvagjerde" og skogen.  Blesen, Sølvi og Lukas nedom riksvegen, på   "Naustneset".  Esela er vakter for heimelamma ved geitehuset.

6.juni:  Sauer, lam og esel oppatt frå Naustneset.  Dei har beita fint.  Flåttmiddel Copersect og Valbazen makkakur til sauer og lam.  No kan dei til skogs:-)

 

Natta til 31.mai kom endeleg følet.  Sølvi har hatt proppar sidan 2.pinsedag, og eg har sett mjølkestrålar sidan tysdag morgon.  Eg hadde så lyst å få med meg folinga, og 3.natta eg passa på, kl. 01.30, la ho seg - endeleg!!!

  

  

  

 

28.mai: Banminth til Blesen, Sølvi, Lurven, Sølvlin - 1 tube kvar.  Anton fekk for 250 kg. 

26.mai:  Måtte strekke opp garn over endene.  Hauken sat oppå eine anda, og ville ikkje sleppe før eg var eit par meter i frå.  Flott fugl, men han får finne mat ein annan stad!!!! 

25.mai: Ullevering, 11 sekkar. 

24.mai:  Banminth til esel. 

 

 19.mai:  Endene har fått nytt område ute.   Tydeleg at dei likte seg :-)  Må berre passe dei for reven!!!

 

 

 18.mai:  Gjerdet langs riksvegen såg sjabby ut, så det skal vekk.  Staumgjerde midlertidig, slik at hestane kan gnage ned, før det vert sett opp nytt gjerde, litt nærmare vegen.  Satsar på at plogen kastar snøen OVER gjerdet til vinteren.

 

 

 

Det er mykje beita på innmarka, så storfea og hestane får tilgang til det friske graset i utmarka.

 

 

15.mai kl. 16.15 var denne luringen på beitet.

12.mai:  Eksamensoppgåva er levert.  No har vi høgskuleutdanning i "Skule på gard", og 12 års erfaring.  -Bra sant?

 

 7.-9.mai:  Arne og eg har hatt heimeeksamen - "Garden som pedagogisk ressurs og læringsarena, Skulehage på Naustvoll Gard"  -og då tenkte eg at det kunne vere kjekt å prøve ut litt av tankane.  Difor inviterte eg dei flotte 7.klassingane våre til 3 gardsdagar :-) 

Dei vart delt i 3 grupper og hadde 3 ulike oppgåver, 1 kvar dag.  Etter andre dagen hadde dei laga dette:

  

Dei vart flinkare og flinkare for kvar time som gikk.  Innimellom arbeidet vart det tid til kos med små og store dyr.  Eg tykte det var utruleg kjekt at dei var så flinke:-) -og at dei likte seg så godt :-)

  

  

 

 

 22.april:  Med god hjelp fekk vi alle sauene og lamma over riksvegen og ned på Naustneset:-)  Satsar på at esel og sauemødrene held reven vekke....

  

 

19.april:  Med elevar på garden, er det flott å merke lam.  Det gikk så fint, lamma fekk øyremerka sine effektivt og greit.  Dei har eitt merke i kvart øyre.  Det eine merket er digitalt.  Sidan vi hadde alle sauene og lamma inne, gav vi dei vaksne makkakur òg.  Etter vi var ferdige, starta 80014 å lembe.... så denne dagen vart SAUEDAGEN :-) Det er kome totalt 26 lam hittil....

  

   

 Eit veralam og eit søyelam.

 

  

14.april: Mikkel Rev på tur om natta - fanga på eine kameraet mitt :-)

 

11.april: Hmmm... eg var vist litt sein med å sleppe til vèren i haust.  Det skulle ikkje bli lam før i mai hadde eg planlagt....  men det gikk att nokre luringar i skogen, som har hatt det kjekt.  Hittil er det kome over 10 lam.... søte og friske, men dei vert fårikål til hausten heile bunten. 

 

3.april:  Seint om kvelden kom dei to første lamma denne våren.  Det var ikkje etter planen, så det er ukjend far:-)  Det var to veralam.  Mora er flink og omsorgsfull.  Håpar det går ei stund før det kjem fleire.....

 

 

  

30.mars:  I dag har Hovslagaren ordna høvene til Lurven og tatt av skoa til Blesen.  Dei andre var heilt fine.  Sølvlin kan gå lenger med skoa, sidan hovveksten er mindre enn på Blesen.  (Elles er det rikeleg med plast etter høyensilage og rundballar, jammen bra det vert resirkulert!)

I går vart sauene mine vaksinert. 

Tidlegare fekk NRK-Berta kalven sin, men den klarde seg ikkje.  Kalvingen gikk fint, men kua vart heilt gal, rauta, snøfta, stanga og såg farleg ut.  No etterpå er ho heilt roleg og seg sjølv att.  Eg er litt usikker på om ho skal få ein ny sjanse.....

 

 19.mars:  Sauene fekk vårklyppen.  No kan sola og varmen kome.  Så kan lamme kome etterpå :-)  Fin tid vi har i vente!

 

 6.mars: Høglandsfe-oksen "Pål" er levert. 

 

11.februar: Måtte avlive ein sau, (nr 7019 brun m.horn)- hadde skade i eine bakfot.  Hastebestemmelse sidan den hadde store smerter.

11.februar:  Fekk hestepasset (raudt) til Naustvoll Lurven i posten.  Er usikker på kva eg skal gjere med han.  Eg vil gjerne ha han her, men då må han bli vallak.  Det er små sjansar for å nå fram som hingst.  Enormt med arbeid og svært strenge testar dei skal gjennom.  Eg har ikkje høve for å få fram hingst.  Alle, både foreldre og besteforeldre, har 2.premie, så han har god stamme, han er veldig snill, så om det er nokon som vil inngå eit samarbeid, så kan eg vere open for forslag:-)

 

  

9.februar: Ivomec til hestar og esel.  Vi flytta litt på grindar i fjøsen, slik at lamma fekk gå fritt.  Bør vere tamme nok til det no.

  

5.februar: 2 marsvinungar :-)

Det har gått fint med dyra så lenge, at det vert sjølvsagt, og så kjem ei bombe:  Eg hadde sett  Lurven på bås, med grime.  Litt seinare var eg inne for å sjekke.  Då hadde han fått foten over tauet, låg bom fast i båsen, med stram grime og blødde frå eit sår oppå naseryggen.  Han låg heilt urørleg.  Eg løyste han og prøvde å få han opp.  Etter mange forsøk klarde eg det, han sjangla og la seg att.  Eg viste at no måtte eg jobbe.  Eg fekk han opp og ut, drog han med meg og gikk tur ein halv time.  Han fekk gå laus saman med esela i fjøsen.  Han var nok sliten, for han la seg.  Om natta vart det ein tur ned i fjøsen, sidan Nøffeline hadde kome seg ut, og bråka utanfor kjøkendøra vår.  Det var kjekt å høyre at Lurven humra, då vi kom inn i fjøsen :-)  Nøffeline vart plassert i bingen, og eg sov godt etterpå!

 

 25.-27.januar:  Tredje samlinga i kurset "Garden som pedagogisk ressurs og læringsarena".  Denne gongen var det på Høgskulen i Bergen, Landås, vi fekk førelesingane.  Torsdagen var det Tom Tiller!!!!  Snakk om luksus!!!  Eg vil anbefale andre som driv i bransjen, om å ta dette studiet.  Vi har drive i snart 15 år med dette, og har mykje erfaring, men det er TOPP å få fagleg fokus, nye innspel og vere saman med andre i bransjen.  STUDIEPLAN 

Medan vi var i Bergen og hadde det fint - var elevar og vaksne på garden som vanleg.  Dei var kjempeflinke, trur jammen at vi må reise litt meir, når eg har så flinke vikarar!!!!!

 

 mmm.. nyyydeleg...

21.januar:  Storfea fekk ny salstein, og vi gjorde ferdig den nye grinda mot Hagevollane. Flott vintervèr å jobbe ute i.  Verkar som dyra likar kuldegrader:-)

 

  

19.januar:  Partering og fårikål.  Mykje god læring i dette arbeidet:-) 

18.januar:  Slakta lam nr. 10014.   

 

 3.januar:  Kort køyretur med Blesen.  Ødemet har gått ned, han er i fin form.  Heldigvis!!!!

 

1.januar 2012 - Dyretal ved årsskiftet:

Hestar:  3 dølahestar: Naustvoll Blesen, Jons Sølvi, Naustvoll Lurven, shetlandsponny: Anton, fjording på besøk: Sølvlin.

Storfe: 3 kyr, 1 kvige, 3 kalvar, 2 oksar.

Sau: 15 vaksne sauer, 4 gimrar, 1 ver, 1 veralam.

Minigrisar, geit, kaniner, marsvin, esel og ender.

   



Nytt på sidene 15.03.2023
NY webside for Kennel Citagarden
15.03.2023
NY webside for Naustvoll Gard - Livdi
14.06.2022
Garden vår
14.06.2022
Inn på Tunet
14.06.2022
Nytt liv på garden
26.05.2022
Citagardens K-kull
22.02.2022
Citagardens J-kull
01.01.2022
Nye filmar
11.12.2021
Oppdatert om kennelen.
19.11.2021
Om du er på leit etter schäfer - det er ikkje berre "rett rygg" som er forskjel på bruksschäfer og utstillingslinjer