Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Om Citagarden Kjøpe Schäferhund? Kull ALBUM Resultat HD, AD, MH Avlstispene Genetikk Ønskjer hund? Avlstispe EVA Avlstispe Bexi Avlstispe Chakka Avl på hund Kjøpeavtale kvalp Raseklubben NSchK Raseklubben NSchK 2 Raseklubben NSchK 3 Akullet om kvalpingen A-kullet den første tida Akullet AXEROS Akullet ALEX Akullet AGERA Akullet A-KOMPIZ Akullet ANNA Akullet far: Bomber A-KULLET trening A-kullet felles Bkullet - far Dizco Bkull-slekt Bkull-farssida Bkull kvalpeside C kullet - foreldre C kullet - undervegs C kull -kvalpekjøpar C kull KVAR KVALP C-kullet vidare i livet D-kull - Orax D-kull vidare DAKOTA Ekull - med Lexus Ezra E-kull vidare ENZO EVA BEXI og CHAKKA Minne - Cita Minne Gamlehundane Minne Cita Resultat: Tankevekkar? Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1633976 besøkande
sidan 6. okt 2012

Kvifor er genetikk viktig?

Kven skal vere ansvarleg for avl, genpool og samansetning?

Les – så forstår du kanskje kor viktig det er at avlsråd og oppdrettarar tenker genetikk.  (Her er grunnleggande kunnskap:  LINK)

Eit menneske har 46 kromosom, ein gris 40, elefant 56, giraff 30 og hund 78.

Ofte vert det sett nokre få eksteriøre kriterier for avl.  Det eg vil fram til, er at avlsråd ofte set strenge avlsreglar på FEIL PREMISSAR. 

Nokre gener har eit klart uttrykk som vi lett kan sjå eller observere, og det er lett å finne samanheng med genene.  Dette er eksteriøre trekk, som er enkel avl, særleg ved linjeavl.

Det er lov med linjeavl (innavl).  Hannhundar med innavlsgrad opp til 12,5%, blir brukt på tisper med innavlsgrad 6%.  Dette vert gjort igjen og igjen.  Og avkom vert framheva, fordi dei er TYPELIKE og vakre? Vinn på utstilling og har mange kull etter seg.  Så til dei grader missforstått avl!!!

Dei fleste eigenskapane er meir komplekse, der fleire gener verkar inn på samme eigenskap, og i tillegg vil det ytre miljøet verke inn på korleis den/dei eigenskapane kjem til uttrykk.  Når oppdrettarar og klubbar over fleire tiår, vel å fokusere på dei «lette» genene, kan konsekvensane bli mykje større enn det mange forstår.  Dei gode og viktigaste genene kan bli tapt for alltid.

Heldigvis er det flinke folk som ikkje let seg styre, og difor god avl blant solide oppdrettarar.  Der er det grundig og nøytral dokumentasjon innan mentalitet (MH/funksjonsanalyse/testar innan politi/militæret), samt HD og AD av heile kull/slekter, og hundar er i bruk/teneste.


Sidan lamminga er starta, er det naturleg å tenkepå avl.

Når det gjeld avl på schäferhund - er eg vel over middels interessert :-)

Eg merkar at mange ikkje kan elementær genetikk, så difor skriv eg litt (Skal finne litt linkar og filmar etterkvart):

Genpoolen bør vere størst mogleg. Genetisk variasjon er enormt viktig.  Vi menneske er det sterkaste som er, for her får «alle» ungar.  Her får tynne, tjukke, høge, låge, pene, stygge, intelligente, dumme, … «alle» kan få barn, og dette fører til enorm genetisk variasjon.  Uansett kva sjukdomar som kjem, vil det vere mange som står imot.   Husdyra våre, katte- og hunderasar har mindre genetisk variasjon.  Her er genpoolen mindre variert, og det har blitt mindre variasjon innan visse grupper.

 Linjeavl snevrar til genpoolen.  Når eksteriørlinjer har gjort dette lenge nok, må nye gener tilførast frå «nye/andre» linjer.  Men kva er mista på vegen?  Og endå viktigare – kva gener har hopa seg opp? 

Her er litt fakta:

  «Celledeling for å lage kjønnsceller – meiose». 

I meiosen blir det danna fire kjønnsceller med halvparten av det opprinnelige DNA-et.  Prosessane startar med at det blir laga ein kopi av alt DNA-et i cella.   Etterpå blir DNA-et fordelt gjennom to delinger, slik at dei fire kjønnscellene som blir danna er genetisk ulike, og har halvparten av DNA-et som finnes i andre celler.  For å diskutere avl, må folk forstå dette. 

Sitat: « Ved meiose skiller de to kromosomene i et kromosompar lag, slik at hver kjønnscelle bare får ett sett med kromosomer. Men først foregår det en tilfeldig utveksling av genetisk materiale, såkalt rekombinasjon, mellom dem. På denne måten blandes arvestoffet for å få nye genkombinasjoner som kanskje kan være gunstige for avkommet. Dermed oppstår et nytt individ med helt nye genetiske egenskaper (Kommentar frå meg: Linjeavl i mange generasjonar samlar gen.) når to kjønnsceller senere smelter sammen i en befruktning. Denne prosessen er viktig for å sikre genetisk variasjon.»(Kommentar: Linjeavl i lang tid, og avl med matadorhannar, snevrar inn denne variasjonen.)

   


   



Nytt på sidene 21.05.2018
Enzo oppdatert
21.05.2018
Oppdatert gardsboka 2018
20.05.2018
Nye filmar - Bajas til Sogndalsdalen og eselet Timmi jagar Ezra
01.05.2018
Ezra oppdatert
01.05.2018
Dakota - oppdatert
01.05.2018
E-kullet vidare -oppdatert
26.04.2018
Flott bilete av Balder og Martin :)
25.04.2018
AVL i NSchK - Stenger ute tenestehundar
23.04.2018
Gratulerer til June m/Cessi "Zica" og Håvard m/Charlie "Zaco" -begge med bestått funksjonsanalyse
21.04.2018
2 nye filmar er lagt ut idag :-)