Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Om Citagarden Kjøpe Schäferhund? Kjøpeavtale kvalp HD/AD og MH Avlstispe EVA Avlstispe EVA kvardag Avlstispe Bexi Avlstispe Chakka Ungtispe EZRA Hannhund ENZO Ungtispe DAKOTA Kull ALBUM BEXI og CHAKKA kvardag Avlstispene bilete Akullet om kvalpingen A-kullet den første tida Akullet AXEROS Akullet ALEX Akullet AGERA Akullet A-KOMPIZ Akullet ANNA Akullet far: Bomber A-KULLET trening A-kullet felles Bkullet - far Dizco Bkull-slekt Bkull-farssida Bkull kvalpeside C kullet - foreldre C kullet - undervegs C kull -kvalpekjøpar C kull KVAR KVALP C-kullet vidare i livet D-kull - Orax Dizco vidare Ekull - med Lexus E-kull vidare F kullet Minne - Cita Minne Gamlehundane Minne Cita Resultat: Historiar Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
2366478 besøkande
sidan 6. okt 2012

Kjøpe Schäferhund - pass på!

Om du ønskjer deg ein schäferhund, så er det ENORMT VIKTIG at du gjere eit rett val av type hund/kennel.  Utviklinga av rasen har ført til at det er SVÆRT ULIKE SCHÂFERHUNDAR. 

2 gode linkar som viser det eg skriv:  BILETE og Ulike schäferhundar bilete og engelsk tekst

Kva som er best, er subjektivt.  Dei som skaffar seg schäfer, kan ha ulike ønskjer for sine 10-12 år framover:

  • ha den som selskapshund, gå tur med den i band, fjellturar og ha den elles i familien.
  • vere med på utstillingar og ha den som god kamerat
  • trene litt  lydighet, vere med på konkurranse og ha den som god kamerat
  • trene aktivt lydighet/bruks og konkurrere mykje eller godkjenne redningshund
  • godkjenne tenestehund i politi, militæret mm.

Ein hund som passar svært godt til eit punkt, kan vere heilt elendig i eit anna.  Difor er det viktig at du får deg ein hund som passar deg.  Rasestandarden er lik for alle, men oppdrettarane legg vekt på ulike eigenskapar.  Ein hund som skal vinne utstilling, må ikkje ha gode søkseigenskapar....  ein lydigheitshund treng ikkje motet/skarpheten som ein tenestehund.....  ein familiehund kan vere ein katastrofe om det er for mykje motor og skarphet.

Korleis finne rett hund????

Ta kontakt med oppdrettarar, fortel om deg og still samme spørsmåla, utan å røpe kva du har fått vite av andre, ta kontakt med fleire av dei.  Hugs nokon pratar berre positivt om sine hundar/sitt oppdrett.  Du skal ha hunden mange år framover.  Mykje kan hende, men har du undersøkt litt, trur eg utgangspunktet vert betre. 

Tidlegare var schäferhunden ikkje så "delt" som no.  Tidleg på 90-talet viser det tydeleg at avlen mot eksteriør og bruks har spissa seg nokre generasjonar. 

Eg personleg håpar vi kan få meir av den gode allroundhunden igjen.  Uansett - ein rett schäfer til rett person - er heilt fantastisk!!!! 

Schäferhunden - ulike fargar (NB:  Fargane fortel ikkje noko om korleis hunden er helsemessig/inni hovudet - om hunden er grå kan den vere rolegare enn ein som er svart/brun, det er linjene/slekta som kan fortelle om forventa eigenskapar).  Link til ei informativ side om den "grå" fargen

Det er 4 hovudfargar:

  1. svart/brun (den fargen som er mest vanleg, som dei fleste kjenner godt)
  2. grå  (frå lys til nesten svart, kan vere grå-svart eller brun-svart, stor variasjon på hundane) 
  3. svart/brun, men svært lite brunt.  (kalla bicolor.)
  4. heilt svart.

 

   



Nytt på sidene 15.10.2019
Gratulerer Tina og Ezra
09.10.2019
NY link til F-kull Album på fb
08.10.2019
Ny film på filmsida
08.10.2019
F-kullet - ny side
25.09.2019
E-kull Gratulerer med 2-årsdag i dag :-)
23.09.2019
Ezra på utstilling - gratulerer!
15.09.2019
Naustvoll Odin er flytta ut :)
15.09.2019
Fine bilete av Citagardens Chiwa "Cira"
15.09.2019
Åringsvallak til sals
12.09.2019
Oppdatert HD/AD/MH