INN PÅ TUNET - LIVDI Naustvoll Gard Hestar Biletalbum VIDEO - FILM Citagarden kennel Citagardenkull Kontakt
4976845 besøkande
sidan 6. okt 2012

C-kullet - den første tida

Fakta om kullet - LINK

Stamtavle -sjå nedst på sida.

OBS-OBS-OBS:  Facebooksida til Naustvoll Gard vert oppdatert med videoar.  LINK

 

Chanko har blitt dusja, tørka, fått 4.markekur og fått klørne klypt.  Absolutt klar for reise.  Litt vemodig, men slik er det.  Vi kosa mykje i går kveld. Og i dag tidleg :-)  

Det er berre tre kvalpar att.  Chanko, Cana og Chakka. 

 mmmmm nydeleg :-)

 Chanko.

 Innekos med grisehalar.

29.mars:  Celia skulle testast og vurderast.  Ho fall i smak, og reiste til Sunnhordaland med Rune.  Kjekt, men litt vemodig.

28.mars reiste Chef, Chakira, Celia, Bexi og eg til møtes med Ingerid.  Vi hadde eit kjekt møte, og Chef reiste til Toten.  Seinare same dag reiste Chakira austover. Eg hadde Celia med som selskap, og ho fekk sitte framme i bilen med meg på turen heimatt. Ho passa bilen, medan eg handle grisehalar og okseøyre i Sogndal. 

  Celia.

27.mars reiste eg til Bergen for å hente flypassasjer og varer.  Chiwa og Chakka var med, men Chiwa vart att saman med Steffen.  Dei får det flott saman.

26.mars kom June og Håvard frå Trøndelag.  Cessi og Charlie vart med dei heimatt. 

25.mars:  Vi køyrde til Førde Veterinærkontor (1,5 time ein veg).  Alle kvalpane til helsesjekk.  Fekk positive kommentarar på kullet.  Jamne og trivelege.  Ingen anmerkning på nokon.  Steinane komne ned på alle tre hannane.  Alle 11 er no vaksinerte, chipmerka og har fått helseboka si. 

20.mars:  Eg sikra grinda mellom kvalpane og hest/esel.  Så fekk gjengen vere med når eg fòra dei litt inne.  Prøvde å ta bilete, men det var vanskeleg.  Full fart.  Stod på rekke og kikka, 2 bjeffa og så sprang dei.  Trur det var ein overslagshandling som sette dei i gang med mykje rare fakter.  Klarde å filme litt på slutten, for då vart dei litt trøtte.

Elles har eg prøvd å teste ein og ein.  Eg ser at jakt, byttedrift og vilje til leik/dragkamp varierer litt i kombinasjonar.  Dei føl førar og er glad i folk heile gjengen.  Eg prioriterer folk og miljø.  Sidan dei er så mange, tek det for mykje tid til å prege ein og ein.  Det vert jobben for ny førar.

19.mars:  Første biltur.  Nokre hylte litt og var urolege i starten, men etter ca. 2 km, var det heilt stille.  Dei vart med til butikken.  Men måtte vente i ute :-) 

 

  :-)

Denne dagen vart gjengen foreviga av fotograf.  Eg reknar med at det er einaste gong i livet mitt, at eg har ein slik gjeng her.  Sidan dei er så stor del av dagane mine, vil eg ha fine minner på veggen i kaffistova.

18.mars:  Ute store delar av dagen.  Dei treng å få leike og undersøke. Så prøver eg å få flest mogleg på bilete, men det er ikkje lett.  Dekka dei vaksne hundane og håpar dei slumpa innom  ;-)  Dei vaksne er i forhold til kvalpane på øvste bilete, frå venstre: Tante Bibbi, mor Bexi og bestemor Eva.

 

 Så var det kveld :-)  Ro - ei lita stund. 

16.mars: Veging.  Cherie er 5,2 kg - fire er på 5,5 kg - tre er 5,8 kg - to er 6,1 kg og Chef er 6,2 kg. Imponerande kva Bexi har klart å få fram!

Dei har fått 3.makkakur òg. 

9.mars:  Eg kvir meg litt til at mange skal reise.  Akkurat no er eg veldig heldig!

8.mars:  4.kloklypping.

7.mars:  Gjengen fekk ny leike- og overnattingsplass.  Hestebåsane :-)

5.mars:  Nokre blei med på foring av dyr.  Mest videoar på FB. 

3.mars:  Leiking ute.  Sølepyttar var spennande.

 Chef datt uti :-)

2.mars:  Tante Bezzi kom på besøk :-)

 

 Uteservering.

1.mars:  2. makkakur og 3.kloklypping.

27. februar:  Vi droppar sagflisen, dei vart så ruskete.  Brukar heller berre aviser :-)

Tante Bibbi og kvalpar i stova, medan Bexi og resten er på hunderommet.  3.kloklypping.

 

Cana øvst, Chakka underst. 

25.februar:  Ny nattplass.  Dei har eit eige rom med sagflisbinge, med aviser og ting utanfor.  Sidan dei er så mange, byter vi på kven som får vere med inn i stova vår.  Då er Bexi med 7 kvalpar på hunderommet, medan 4 er med oss.  Då får dei undersøke rundt omkring, og vi klarar å følje med :-)

Kos i kaffistova på låven.  Framande får kome på besøk for å kose, og eg får hjelp til å prege kvalpane.  Vinn-vinn :-)  Då eg var lita, besøkte eg mange med dyr, så no kan andre få kose med kvalpane mine.

 

 

  

22.februar:  "Kos" med framande er starta :-)  Nokre får vere utanfor kjøkenbingen.

21.februar: 2.kloklypping.

17.februar - kveld:   Bestemor Eva og tante Bibbi fekk undersøke gjengen på kjøkenet.

 

 

17.februar:  Eeeeendeleg :-)  No er gjengen på kjøkenet, og dei er med i kvardagen min i huset.  Bexi passar på, slik som ho skal.  Bibbi og Eva ligg innerst i stova, men har veldig lyst ut på kjøkenet.  Litt tidleg å "valse fritt".  Vi tek tilvenninga gradvis. 

 Første matservering :-)

 Nye halsband.

Registrerte kullet på NKK.  Gjengen fekk prøvesmake på mat, oppbløytt kvalpefor.

16.februar:  Alt vel med heile gjengen.  Nokre er starta å leike.  Når eg kjem inn, kjem dei vraltande mot meg med bitesmå logrande halar.  Den raude tispa har skilt seg ut frå starten av.  Ho var først oppe på beina, er mest frampå, og "pratar" enormt.  Ho bli nok ei aktiv tispe med mykje lyd, skikkeleg utfordring.  Sikkert ingen som vil ha ho, slik at ho blir verande hjå meg :-)  Det er veldig kjekt å følgje utviklinga deira. 

Vi er starta så smått med besøk, at folk får holde dei/ta på dei.  Dei får høyre radio :-) slik at dei vert van med litt lydar.  Første dose med makkakur, Banminth.  Alle har fått halsband omtrent i sin farge. 

12.februar:  Første kloklypping, 44 potar :-)

 

11.februar:  Dei er 2 veker i dag.  Vektene ligg på 1.2 - 1.3 kg kg.  Augo er opna.  Dei løftar seg og "går" :-)  Sjå videoar på fb-sida.  Herleg gjeng!

 

5.februar:  Bexi "forar" godt.  Kvalpane er 8 dagar og har desse vektene i gram: 895 - 925 - 891 - 876 - 885 - 763 - 794 - 826 - 774 - 666 - 766.  Eg ser at nokon er mindre enn andre, men eg grip ikkje inn med noko, dei får snuse seg fram til maten sjølv.  Alle er fornøgde og rolege.   Så får vi sjå korleis det går.  Bexi er veldig god mor, ho tek seg godt av dei.  Tøff jobb med så mange.  Ho får vere saman med oss = avkopling frå dei små, av og til.

 Videoar LINK

C-kullet vart fødd 28.januar.  3 hannar og 8 tisper.  Alt vel med mor og barn.  Det er mykje for ho å passe på, men eg håpar det går bra, at alle får vekse opp.  Berre å legge seg ned for ho er vanskeleg, det er kvalpar "overalt".  Ho er ei god mor.  Det er imponerande å sjå kva instinkt som ligg der.  Bexi er 2 1/2 år, og mor for første gong.  Ho er omsorgsfull og roleg.  Eg er veldig imponert over ho.

   



Nytt på sidene 15.03.2023
NY webside for Kennel Citagarden
15.03.2023
NY webside for Naustvoll Gard - Livdi
14.06.2022
Garden vår
14.06.2022
Inn på Tunet
14.06.2022
Nytt liv på garden
26.05.2022
Citagardens K-kull
22.02.2022
Citagardens J-kull
01.01.2022
Nye filmar
11.12.2021
Oppdatert om kennelen.
19.11.2021
Om du er på leit etter schäfer - det er ikkje berre "rett rygg" som er forskjel på bruksschäfer og utstillingslinjer