Hausten er jakttid.
Hjortejakta er frå 10.september og varer til 23.desember. Flotte dyr, og godt kjøt. Diskusjonen om rett forvaltning er evigvarande. Er det mykje dyr, lite dyr, kor mange skal takast ut, kva dyr skal takast ut, koller, storbukkar, kalvar, fjorårskalvar....... ????? Valda er for små til å forvalte åleine. Den store flotte bukken som jegrar i eitt vald meiner skal få gå vidare, vert skoten av trofèjegrar i nabovaldet.... Det er lett å forstå at det vert krangling.... Hjortebestanden skal haustast av, det er alle einige i. Men korleis? |
|
|