Naustvoll Gard Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Nat - mat - div Skule matematikk Skule naturfaglinkar Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1420426 besøkande
sidan 6. okt 2012

Vakkert kulturlandskap - matproduksjon - ein sjølvsagt ting????????

Skal det vere landbruk i Noreg??? 

Meiner du at vi skal kjøpe maten frå folk i andre land, istaden for å produsere mat i vårt eige land????? Skal vi importere mjølk, mjølkeprodukt, kjøt, egg, mm som er produsert på korn, og så svelt folk i landa der kornet er ifrå?

Eg tykkjer at folk ikkje tenker nok over dette. Det er viktig!!! Ein ting er bøndene, dei som gir seg klarar å få seg nytt arbeid -flinke arbeidsfolk som dei er. Sekundærnæringa vil få mykje større problem. Tenk alle slakteri, meieri, transportørar, maskinleverandørar, mekanikarar, vidareforedlingsbedrifter - eller det har kanskje ikkje noko å bety -dei skal vel berre hente kjøt/mjølk i Botzwana..... og fortsetje som før????? Store vestlege selskap skal drive fabrikkgardsbruk i uland, presse dei lokale fattige bøndene på pris, og produsere billeg mat til oss i Vesten???? Eg tykkjer det er super-egoistisk!!!!

Vi treng to typar landbruk i Noreg - dei som produserer mest mogleg mat og dei som tek vare på landskapet -og sjølvsagt dei som kombinerer det! DET GÅR IKKJE OM DET BERRE ER BØNDENE SOM SKAL PRESSE PÅ DETTE!!!!! ALLE HAR EIT ANSVAR!!!!!

NATIONALE GEOGRAPHIC set fokus på landbruk som er utmarksbasert!  Her er det tonnevis av kjøt som vert produsert på graset som elles visnar ned kvar haust. 

VI HAR VORE PÅ TV:  Innslag i Vestlandsrevyen

Du har nok sett det. 

Opne setervollar, stølslandskap, beiteområde, marker og knausar, idylliske småbruk og store garder i innlandet, ved fjordar og langs elvar. 

Eit vakkert land.  Dei opne landskapa er laga av personane som har hatt arbeidet sitt der, og dyra deira. 

Det er ikkje sjølvsagt at det vil fortsetje slik.

Nesten heile Noreg er utmark.  Gras, busker og tre veks kvar vår/sommar, og visnar kvar haust.  Mange tonn kjøt har blitt produsert av dette i beitesesongen, -og vi har fått eit ope landskap.  Om vinteren har dyra blitt fòra på gras som har blitt hausta.

Drifta på Naustvoll Gard er ekstensiv.  Dyra har store område å beite på, dei haustar maten sjølv og får lite kraftfor.  Dyra er ute om vinteren òg, men dei får fri tilgang på rundballefòr og tørrhøy.  I tillegg at dyra pleier landskapet, har vi skjøtsel av murar, styvingstre, beite, marker, grøfter og bruer.  Vi er idealistar, vil halde garden i hevd og har fast arbeid utanom garden.  Tenar pengar og brukar dei PÅ garden.  Det seier seg sjølv at slik kan det ikkje vere for alle som driv gardsbruk.

"Politikken" vil ha vekk småbrukarane i Noreg.  Det er sikkert mykje som kunne vore anleis, men korleis?

Det er helst prisen på mat som vert diskutert.  Dei "store" er mest lønsame, det er billegare mat frå utlandet............   Kva vil vi ha?  Korleis vil DU at Noreg skal vere?  Kva vil reisande ha?  Kva om kulturlandskapet er heilt tilgrodd med skog/busker, og ved husa berre er små hagar?  

Eg ønskjer meg eit levande ope landskap og norskprodusert mat, i tillegg til det vi ikkje kan produsere sjølv......

 

   



Nytt på sidene 10.12.2017
Så reiste Ettza - lukke til :)
09.12.2017
Så reiste Evito - lukke til!
01.12.2017
Side om kvalpane sitt liv vidare :-)
21.11.2017
Citagardens EZRA
20.11.2017
8 veker i dag :-) Ledige kvalpar til bruks/treningsinteresserte.
14.11.2017
Helsekontroll + alle fekk pass.
11.11.2017
Avlstispene - Citagarden
10.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
07.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
28.10.2017
Oppdatert kvalpesida :-)