Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Nat - mat - div Skule matematikk Skule naturfaglinkar Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
2184868 besøkande
sidan 6. okt 2012

AVLSTISPA - EVA

MOR til A-kullet og B-kullet 

Knallsolid slekt.  Ikkje for å vere stygg, men eg vurderer sterke morslinjer som betre enn farslinja :-)

 

Sommar 2008 henta vi heim avlstispa Eva, som vi fekk kjøpe av Kennel Jabina i Danmark.

Eva er ein grå schäferhund.  Eva vert av mange kalla bruksschäfer.  Dvs. at dei som har avla ho fram, har prioritert mentale eigenskapar (drifter og motor) i tillegg til helse, framfor vinnarresultat på utstilling.  Det betyr at  avlsdyr ikkje er plukka utifrå topplasseringar på utstillingar, men utifrå eigenskapane i andre konkurranse/prøve former.  Bruksprøver, IPO, mentaltestar mm.   

(IPO er ein tredelt prøve med spor, lydighet og forsvarsarbeid, med ulike vanskegrader. Du kan sjå youtube glimt her - Troll Litt av forsvars-arbeidet: forsvar forsvar2 Lydighet FCI IPO 2007  ) 

Eva var fødd 24.o1.2004 i Italia.  Ho vart kjøpt til Danmark av John Jabina 2007. Eg kjøpte ho drektig og henta ho til Norge i 2008, den gong 4 1/2 år gamal. 

Eva hadde eit kull i Italia, eit i Danmark og to her hjå meg.  8 har HD A og AD A i Norge, 1 ikkje røntka. 6 avkom i Danmark, 3 HD A/1 HD B , 2 ukjent.  3 importert til Sverige, Brasil og Tsjekkia, brukt i avl og som teneste/sportshundar.  

  

HD: A   AD: A 

Eva er i Kkl.1 med desse bruksmerittane:

Ipo 1 (80-87-85)

Ipo 2 (95-90-92)

Sch3 (96-91-92)

Eva var ca. 58 cm høg og 29 kg.

Stamtavla i Working-dog.eu

Mor til Eva:  Mücke vom Waldwinkel er kanskje ukjend for dei fleste her i landet, men ho er frå ein solid kennel og er halvsøster til (har samme mor) som den meir kjende avlshannen Vito vom Waldwinkel. Har ikkje bilete av ho.

Dixi  

Bestemor til Eva er Dixi vom Hause Santiages - dotra til verdskjende Fado von Karthago.

 Aly

Bestefar til Eva er Aly vom Vordersteinwald, som er etter Troll von der bösen Nachbarshaft. 

 Ahron

Far til Eva er Ahron von Granit Rose.  LINK

For dei som kjenner hundane og slektene, så ser de at Eva har svært solide aner, med mange verdsvinnarar. 

   



Nytt på sidene 06.07.2019
GRATULERER til Tina og Ezra
23.06.2019
Ny film på filmsida
23.06.2019
Kastrering av Odin og Tinus
16.06.2019
Oppdatert gardsbok 2019
12.05.2019
Oppdatert gardsboka 2019
17.04.2019
Oppdatert filmsida
17.04.2019
Ny filmsnutt av Odin og Sølvi
14.04.2019
Bilete frå MH Elektra og Evito
14.04.2019
Bilete frå FP og MH Enzo
14.04.2019
Oppd. Dakota