Naustvoll Gard Startside Kvamsøy Historie Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Gardsbok 2018 Gardsbok 2019 Gardsbok 2020 Naustvoll-hestar Hest - Jons Sølvi Hest - Vinter Hest - Tina Hest - Siri Hero Hest - Bajas Hest - Grabben Hest Supergut Hest - Tinus Hest - Odin Hest - Hestad Tina Jakt Minne - storfe Minne - hestar Minne - Blesen Minne - Junior Minne - Lukas Hest - Lurven Hest - Balder VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
2683164 besøkande
sidan 6. okt 2012

Naustvoll Bajas f.2016 (Jons Sølvi - Espeset Blåen)

Naustvoll Bajas på Lenningen hesteavlsseter LINK 

 

   

VI ER KJEMPEGLADE!  BAJAS VERT ÅRETS SETERHINGST PÅ LENNINGENL: FILM

BAJAS VART KÅRA PÅ STAV MAI 2020.  LINK

  8 på rasetype og preg! TOPP!

 Ved køyreprøva.  Fekk 43 poeng - supert!

 foto: Dølightful


 

Bajas var hjå Birthe Loe Haukedal i Nordfjord. Birthe har prega og trena han, hatt han med "overal".  Bajas var snill, godt trena, forhandsrøntka og seld til Jan- Tage mars 2020, som kåra hingsten på Stav 9.mai 2020.

  


oktober 2018 - Birthe og Bajas - lunnedrag for første gong LINK

september 2018 - Birthe og Bajas (2år)trenar LINK 


 

 

Utstilling i Sogndal 25.august 2018.  LINK til bilete
Bajas er blitt 2-års hingst - han har utvikla seg flott!
Rasetype og preg 7...
Kroppsbygning og muskulatur 7
Beinkvalitet, beinstilling 7
Bevegelser 7
Helhetsvurdering eksteriør: Velutvikla toåring av bra type. Middels lang hals. Markert manke. Sterkt-bygd kropp med god muskelsetning. Toppet og kort kryss. Aksebrudd i begge tåledd frambein. Svak tendens til sabelbeint begge fram. Elles føre bein. Noe hjulbeint bak. Uryddig skritt og trav.


Premiegrad: Sløyfe - og det betyr at vi er superfornøgde. 

Ein hest utan feil, som kan utvikle seg vidare og som er verd å satse på.

Bajas er i ein hormonell alder, han er hingst med futt og var nok litt vanskeleg å vise fram denne dagen.

Birthe stiller hest for 2.gong og det med ein 2-års hingst!!! Dei som har stilt hingstar forstår kva det inneber Birthe gjorde ein flott jobb - eg som oppdrettar er enormt stolt av både hesten og ho.

Gratulerer!!!


  Aug 2018


 

 

GRATULERER BIRTHE - FLOTT UTFØRT!

Utstilling i Sogndal 2.september 2017:  SLØYFE !!!  LINK TIL BILETE

Rasetype og preg 8

Kroppsbygning og muskulatur 7,5

Frambein 8 Bakbein 8 Høver 8 Bevegelsenes korrekthet 8 -Beinkvalitet, beinstilling 8

Skritt 7,5 Trav 7,5 Bevegelser 7,5

Helhetsvurdering eksteriør: Åringshingst av god type, god frampart. God lengde i kroppen. Velstilte bein. Bra skritt, ledig trav.

Premiegrad: Sløyfe

Direkte link:  http://www.nhest.no/Andre-elementer/Sok-etter-hestkusklop/Sok-etter-hest/?id=3385&sokId=30105349&modus=2

Vi er veldig fornøgde.  Topp poeng på alt det viktigaste.  Vi er spente på utviklinga.


Bajas vart fødd 29.mai 2016, på Naustvoll Gard.  Han er ein blå (svartskimmel) dølahest, etter Jons Sølvi og Espeset Blåen.  Han er fødd svart, og vil bli grå i nokre år, for seinare å bli ein vakker, kvit eventyrhest.

(Det ligg filmar og bilete av Bajas og andre her LINK )

 

Stamtavla til Bajas LINK

1.juni reiste vi til Hallingdal.

Etter ei tid, fekk Bajas og mor fekk gå saman med Espeset Blåen, som er far til Bajas. 

 

Bajas og Sølvi var der til 24.juli.  Då var dei blitt ein liten fin flokk.  Espeset Blåen er ein flott hingst.

Bajas kosar med pappa'n sin.  Tenk å gå på beite med mor og far :-) Det er ikkje vanleg for eit føl.  Eg tykkjer det er fint, Bajas veit kanskje ikkje at det er pappa'n :-)  Gode hestar er dei allefall!

 På garden 6.september.  Naustvoll Blesen er halvbror til Espeset Blåen + at Blesen og Bajas har Jonssvarten på morssida, så dei er mykje i slekt :-)  Det tykkjer vi er bra, for Blesen er ein fantastisk hest.

 

 12.september 16

   12.november 16.  Fine avteikn, som vil forsvinne når han vert kvit. 

19.november gikk Bajas frå å vere sogning til å bli nordfjording :-)  Reknar med at det går bra :-D 

   



Nytt på sidene 22.06.2020
Ny side - Grabben
22.06.2020
Held på med oppdatering av gardsboka 2020 ...
22.06.2020
Litt om Enzo
22.06.2020
Litt om Bajas
19.06.2020
FILM - Bajas årets seterhingst på Lenningen Hesteavlsseter, Etnedal.
13.05.2020
Naustvoll Bajas vart kåra!!!
06.05.2020
Ny film av Hestar, Sauer og Hund :)
22.04.2020
Oppdatert Citagardens Ezra
13.04.2020
Kullplan Citagarden
02.04.2020
Ezra blei mor 6.mars :)