Naustvoll Gard Historie Startside Kvamsøy Historie Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Gardsbok 2018 Gardsbok 2019 Gardsbok 2020 Jakt Minne - storfe Naustvoll Besøksgard VIDEO - FILM Hestar INN PÅ TUNET Naustvoll Gard Skule Citagarden kennel Citagarden hundar/kull Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
3083723 besøkande
sidan 6. okt 2012

Vinter på garden

Mine hestar og korleis dei lever

UTEGANG og BARFOTHEST - har du høyrt orda? 

Hestane har godt av regelmessig fysisk aktivitet, det er naturleg for dei å ete (sakte) og røre seg kontinuerleg.  Difor er det i mine auge, svært negativt å sette dyr inn vinterstid.  Mange dyr får kanskje berre ein time aktivitet i døgnet.  

Eg har hatt hestar sidan 1993.  Dei har i desse åra levd eit "naturleg" liv.  Dvs. dei har gått ute heile året, utan sko (også kalla barfothest), og aldri brukt dekken.

Dei har levd i ein liten flokk, hatt 20-70 daa område og vore ute året rundt uansett vèr. 

Dette har gitt dei temperaturendringar med mjuke overgangar i friluft(motsett av varm tett stall og ut om dagen), og dei utviklar hud/pels som passar til omgjevnadane dei er i. 

Dei er i kontinuerleg rørsle, dei får fri tilgang til rundballe/høy i tillegg til det dei beitar og gneg på tre og busker.  Dei har høve til å gå inn, men har stort sett funne seg kvilestadar i friluft.  Hestane sin temperaturregulering er så fantastisk og følsom, at vi menneske ikkje klarar å gjere det betre ved boksar, stallar eller dekken.  Men vi kan øydelegge for den.

Eg har no funne ein logg som viser dette.  Dersom du har hest, eller ser hestar som går ute i "styggever" og reagerer, bør du lese dette.  Du kan gjerne linke loggen vidare.  Det er kunnskap som bør ut til flest mogleg. Er utegang for hest forsvarlig i vinterhalvåret?

Meir om dekken, svette og utegang: LINK  

   



Nytt på sidene 02.03.2021
Plan Kull Chakka og Orex
28.02.2021
Første kull Ezra og Arro
25.02.2021
Held på med opprydding på sidene til kennel Citagarden
03.12.2020
Naustvoll-hestar framover?
28.11.2020
Bilete av Faqima, Bexi og Chakka
09.11.2020
Enzo har flytta - lukke til!
01.11.2020
Citagardens Faqima
01.11.2020
Oppdatert Grabben
01.11.2020
Oppdatert VIDEOsida
16.10.2020
Kvardagsbilete Citagardenhundar:)