Ønskjer du meiningsfulle og tilpassa dagar, som gjev meistring, læring og oppleving? Vi har trygge omgjevnader, samt kunnskap, utdanning og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske. Vi kan gje -skuledagar med læringsmål i norsk, natur og miljø, matematikk og samfunnsfag knytta opp mot praktisk arbeid, -arbeidstilbod utan prestasjonskrav, -fritidstilbod og -avlastning. Visjonen vår: Naustvoll Gard skal vere den dyrerike bondegarden der det er godt å vere. Vi ønskjer å nytte garden sine ressursar og kompetansen til Arne og Anne-Brit, til å gje spesialopphald til grupper av menneske som treng noko anna enn vanleg skule eller arbeidsliv. Vår styrke er gode dyr i trygge omgjevnader, samt kunnskap og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske. Anne-Brit arbeider òg som lærar, og er utdanna adjunkt med tillegg. Utdjupa fag på høgskule er naturfag, matematikk, data, media og kulturlandskapsskjøtsel. Det som vi har drive med her på garden, har vore kalla "Grøn omsorg", og vert no kalla "Inn på tunet". |